Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Frislid

Alf Frislid. Foto Fjordabladet

Alf Frislid. Foto Fjordabladet

Alf Frislid (1915-2003) grunnla Frislid Konfeksjon AS i 1946, og bygde den opp til ein arbeidsplass med 85 tilsette på det meste.

Han bygde fabrikk og butikk ved Eidsgata i 1948, og flytta i 1972 produksjonen over til nytt industribygg i Øyrane, der verksemda har utvida til 5000 kvm.

Sonen Jan Martin Frislid tok over leiinga i 1975.

Alf Frislid sat også ein periode i kommunestyret for Høgre.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011