Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Lillestøl

Alf Lillestøl starta som fiskar og bygde opp stort notbruk og fiskeforretning på Nordfjordeid på 1920-talet.

Lillestøl bygde eiga kai og dreiv oljelager. Etter arrestasjon og sterk mishandling under 2. verdskrig vart Alf Lillestøl helselaus og let styringa av verksemda over til Line Lillestøl, som var ektemaken til broren Johan.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 02.06.2008