Hopp til innhold
X
Innhald

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo fødd 1972 på Nordfjordeid. Venstrepolitikar. Politisk rådgjevar i Næringsdepartementet for statsråd Lars Sponheim, Venstre, 1997-2000. Deretter gruppesekretær for Venstre på Stortinget.

Politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet frå 2001. Frå 2001 til 2004 politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet. Medlem av Venstre sitt landsstyre frå 2008. Vald til ordførar i Eid i 2011.

Tilsett som rådgjevar i PR-byrået Burson-Marsteller i 2004, og som dagleg leiar i Måløy Vekst i 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 22.09.2011