Hopp til innhold
X
Innhald

Anders A. Lothe

Anders A. Lothe

Anders A. Lothe

Anders A. Lothe (1875-1961), frå Lote. Busett i Florø. Lærar, redaktør og målmann. Medskipar av Firda Mållag 1899, formann i mange år, og tok initiativet til å å skipe Firda Gymnas på Sandane. Han var den første i landet som skreiv eksamensstilen på realskulen på nynorsk.

Redaktør av Firda Folkeblad i Florø 1910-1915. Gav ut fleire lokalhistoriske skrifter, og ”Mål-reisingssoga i Sogn og Fjordane” 1950. Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet 1928-1930, 1934 – 1945 med unntak av krigsåra.

Anders A. Lothe har fått ei gate i Florø kalla opp etter seg.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 30.10.2007