Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Orheim

Anders Orheim (1850–1930) frå Stårheim. Kunstmålar. Gjekk teikneskule i Bergen 1870–1872 og Knud Bergsliens målarskule (tidl. Eckersbergs målarskule) i Oslo 1872–1874. Han tok også ein studietur til Tyskland før han slo seg til i heimbygda Stårheim.

Der bygde han seg ei stove med atelier som familien sidan har teke vare på. Orheim har m.a. måla altartavlene i Stårheim og Davik kyrkjer, men var først og fremst landskapsmålar. Mange av arbeida hans vart selde til nordmenn i USA.

Eitt av måleria til Anders Orheim.

Eitt av måleria til Anders Orheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011