Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Berg

Andreas Berg, (1894-1982), frå Bodø, busett på Nordfjordeid. Cand. philol. frå Universitetet i Oslo, BA frå Concordia College i Minnesota. Rektor ved Eids Gymnas frå starten 1922 til 1963.

Berg bygde opp det to-årige gymnaset til eit av dei beste i landet. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 1964. Gift med Karin Benedikte Berg.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 01.11.2007