Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas K. Henden

Knut Reginius Henden.

Knut Reginius Henden.

Andreas K. Henden starta hattemakarforretning på Nordfjordeid kring 1896. Sonen Knut Reginius Henden utdanna seg som jurist og var den første advokaten som opna praksis på Nordfjordeid.

Advokat Henden var ein ihuga talsmann for ei ny riksvegline med fjordkryssing midt i Nordfjord, og gjorde ein stor innsats for å få bygd riksvegen over Stigedalen mot Volda, og for Lotetunnelen. Det er etter han at den omskrivne song-regla .....«la veien gå hvor Henden (hen den) vil....» stammar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011