Hopp til innhold
X
Innhald

Anne-Lise Gilleshammer

Anne-Lise Gilleshammer (Haugen) fødd 1939 i Kjølsdalen, busett i Svelgen. Administrasjonsfullmektig og Arbeidarparti-politikar. Gift med og skild frå Reidar Haugen.

Tilsett ved Davik trygdekontor på Bryggja før ho flytta til Svelgen, der ho frå 1971 til 2003 arbeidde i kommuneadministrasjonen.

Medlem av Bremanger kommunestyre frå 1968 til 1980, derav åtte år i formannskapet. Ho vart i 1982 vald som den første kvinnelege leiaren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti – eit verv ho hadde til 1988.

Medlem av sentralstyret i DNA i seks år. Medlem av fylkestinget 1988–1991.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011