Hopp til innhold
X
Innhald

Arve Naustdal

Medlem av styret i NLF avdeling Sogn og Fjordane i fleire år, derav som formann frå 2001 til 2003.

Arve Naustdal fødd 1938, frå Naustdal, busett på Nordfjordeid. Lastebileigar. Gjekk inn i faren Ingebrigt Naustdal sitt transportfirma kring 1958 og bygde opp Naustdal Auto A/S til eit av dei store privateigde transportselskapa i Sogn og Fjordane med kring 25 vogner i 2001. I 1960 var Arve Naustdal den første som starta transport av ferskfisk frå Måløy til Kontinentet med kjølevogner.

Medlem av styret i NLF avdeling Sogn og Fjordane i fleire år, derav som formann frå 2001 til 2003.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.01.2011