Hopp til innhold
X
Innhald

Audbjørn

Audbjørn (ca.840–ca. 870), lokal småkonge over Firdafylke, truleg busett på Myklebust på Nordfjordeid. I den store gravhaugen Rundehogjen på Myklebust vart ein rik og mektig hovding gravlagd i eit 25 meter langt vikingskip ca. året 870. Mannen i grava hadde døydd 30–35 år gamal, og beinrestane viste arr etter noko som kan ha vore hogg frå sverd eller øks.

I Snorre si kongesoge om Harald Hårfagre meiner arkeologen Bente Magnus å finne haldepunkt for at det var småkongen Audbjørn eller broren Vemund som vart gravlagd i Rundehogjen: Dei to brørne rådde i Firdafylke i dei åra då Harald Hårfagre la under seg Noreg.

Fall på Solskjel

Storgarden Myklebust var tvillaust eitt av dei rikaste og mektigaste hovudseta på Vestlandet i vikingtida. Småkongen Audbjørn var mellom motstandarane til Harald Hårfagre. I sjøslaget ved Solskjel på Sunnmøre ca. 870 fall Audbjørn. Broren Vemund tok då over som konge over Firdafylke og tok til å samle skip og utstyr til eit oppgjer med kong Harald som var ventande sør om Stad neste vår.

Brann inn med 90 menn

Men seinhaustes same året som slaget ved Solskjel stod, drog Ragnvald mørejarl som var kong Harald sin allierte, den indre vegen sørover til Fjordane og kom til Eid. Der fekk dei vite at kong Vemund denne kvelden var i gjestebod på garden Naustdal saman med 90 av mennene sine. Ragnvald mørejarl kringsette veitslestova på Naustdal og brende Vemund og mennene hans inne. I tillegg rana Ragnvald garden til Vemund og stal skipa hans.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.12.2007