Hopp til innhold
X
Innhald

Audun Bugjerde

Audun Bugjerde (1922-2004) frå Kjølsdalen, busett i Bergen. Næringssjef og friidrettsmann. Sosialøkonom frå Universitetet i Oslo 1949.

Han deltok i gjenreisingsarbeidet m.a. av nordnorske byar etter krigen og tilsett som områdeplanleggjar for Troms fylke 1950. Frå 1952 til 1958 same stilling i Sogn og Fjordane, og frå 1958 områdeplanleggjar i Hordaland fylke, der han seinare vart næringssjef fram til 1989.

Bugjerde engasjerte seg sterkt for at kraftressursane i Sogn og Fjordane måtte nyttast i eige fylke i den tida han var leiar for plankontoret her.

Idrettsmann

Bugjerde var som ung aktiv stavhoppar, vart norsk juniormeister i 1946 og har tre andreplassar i senior-NM. Han har delteke i ni landskampar i friidrett.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011