Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og media i Eid

Framsida til Fjordabladet 18.1.2011.

Framsida til Fjordabladet 18.1.2011.

Fjordabladet

Fjordabladet er den eldste avisa i Sogn og Fjordane og vart skipa i november 1873 på Nordfjordeid.

Unge Skud

skipa av den radikale målmannen Lorentz Nybø på Nordfjordeid 1891. Frå 1895 vart den gjeven ut på nynorsk. Unge Skud vart flytta til Voss då Nybø i 1896 vart bladstyrar for avisa «Hordaland». Frå 1899 heitte bladet «Unglyden».

Framsida til Unge Skud - Organ for ungdommen i 1893, då bladet framleis vart skrive på riksmål. Men diktet på framsida var på nynorsk.

Framsida til Unge Skud - Organ for ungdommen i 1893, då bladet framleis vart skrive på riksmål. Men diktet på framsida var på nynorsk.

Nordfjord Nærradio

starta i september 1987 sendingar frå Nordfjordeid. Opptaket vart gjort av Fjordane Folkehøgskule som hadde starta medialine. Første redaktøren var Dag Henning Reksnes. Nærradioen har hatt sendingar i kommunane Eid og Gloppen, og har også kontor på Sandane.

Sagtennene TV-sendar under bygging i 1959.

Sagtennene TV-sendar under bygging i 1959.

NRK Sogn og Fjordane

opna lokalkontor for Nordfjord på Nordfjordeid i 1991. Programmedarbeidar: Harald Kolseth. Kontoret heldt til i Moengården. NRK flytta hausten 2002 lokalkontoret sitt i Nordfjord til Måløy.

Hovudkringkastaren

for radio- og TV på Sagtennene vart sett i drift 1968.

Fjordenes Tidende

med utgjevarstad i Måløy har avdelingskontor på Nordfjordeid.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011