Hopp til innhold
X
Innhald

Beate Dahl Eide

Beate Dahl Eide fødd 1981, frå Nordfjordeid, busett i Trondheim. Senterparti-politikar. Bachelor i sosiologi og statsvitskap frå NTNU. Har m.a. vore styremedlem i Norsk Elevorganisasjon og nestleiar i fylkesstyret i Senterpartiet i Sør–Trøndelag. Vart vald til fylkesvaraordførar i Sør–Trøndelag i 2003, og var til då den yngste i landet som hadde fått eit så høgt fylkeskommunalt tillitsverv. Medlem av Trøndelagsrådet frå 2003.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.12.2007