Hopp til innhold
X
Innhald

Berga faren frå dødsdom

I 1678 vart Otte Halldorson Leivdal dømd til døden etter å ha stukke ned og drepe Ola, sonen til Skaffar-Rasmus, skysskaffaren på Myklebust.

Dottera til Otte reiste då til kongen i København og bad om nåde for faren. Saka vart teken opp att, og Otte vart dømd for å ha drepe i naudverje og fekk berre ei bot.

Segna seier elles at den bråsinte Otte noko tidlegare skulle ha drepe ein mann frå Bjørlo fordi han skulle ha stole laks frå laksegarden til Otte Halldorson Leivdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2009