Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Espe Trevarefabrikk AS

Bjarne Espe Trevarefabrikk AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjarne Espe Trevarefabrikk AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjarne Espe Trevarefabrikk AS i Hjelmelandsdalen vart skipa 1947 av Bjarne Espe.

Espe starta då med produksjon av ein gyngestolmodell som framleis (i 2007) er i produksjon. Hovudproduktet i dag er kjøkkeninnreiingar under merkenamnet Nordfjordkjøkenet, men Espe produserer også bad- og garderobeinnreiingar.

I 2005 overtok sønene til Bjarne Espe, Rune Espe, Terje Espe og Oddvin Espe, den daglege leiinga og gjorde selskapet om til aksjeselskap. Trevarefabrikken har i 2007 14 tilsette.

Bjarne Espe er tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for arbeidet han har lagt ned i trevarefabrikken. Han deltok i produksjonen til han var 85 år gamal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.04.2013