Hopp til innhold
X
Innhald

Bombinga av ”Wartheland”

”Wartheland” like etter krigen. Foto frå Sogeskrift for Eid.

”Wartheland” like etter krigen. Foto frå Sogeskrift for Eid.

12. desember 1944 bomba 23 allierte fly ein tysk konvoi ved Nordfjordeid. Konvoien på tre handelsskip og to eskortefarty var på veg frå Ålesund til Bergen.

20 Mosquito-fly gjekk til åtak. 4000-tonnaren «Wartheland» vart treft og sett på grunn på sandøyrane. «Wartheland» låg slik til den vart hoggen opp i 1950. Tre tyske soldatar og den norske losen miste livet under åtaket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011