Hopp til innhold
X
Innhald

Britiske rømlingar til Nordfjordeid

På same vis som i Årdal – freista britiske soldatar som flykta frå kampane i Gudbrandsdalen, og ta seg ut til kysten gjennom Stryn. Ei gruppe på 29 britar gjekk over Strynefjellet til fots.

Lastebilsjåfør Kristian Egge og eit par hjelpesmenn skyssa dei britiske soldatane til Nordfjordeid. Der overtok Ingebrigt Naustdal (sjå Naustdal Auto A/S) og Osvald Botn og fekk britane utover mot kysten. Der vart dei henta av britiske krigsskip.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.10.2007