Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdedokteren på Tømmerstøl

Det offentlege helsestellet var svært dårleg utbygt i Sogn og Fjordane på 1800-talet. Frå 1802 til 1840 måtte heile Fjordane greie seg med ein distriktslege som budde på Faleide.

Først i 1866 vart Nordfjord delt i tre legedistrikt, og langt inn på 1900-talet måtte fleire kommunar i Nordfjord dele på den eine distriktslegen.

Lokalt helsestell før utdanna legar tok over, vart stort sett dekt av såkalla «kloke koner» og bygdedokterar. I første del av 1800-talet var det særleg Gamle-Ryssdalen - Rasmus J. Ryssdal i Gloppen, Mattis Olson Loen i Stryn, og Mikkel Ivarson Tømmerstøl (1783-1865) frå Reksnes som hjelpte dei sjuke. Tømmerstøl var bonde, og ein kjend bygdedokter.

I 1844 vart han etter søknad frå Davik kommune tilsett som lokal «sårlege», samstundes som Gamle-Ryssdalen vart tilsett i Gloppen. Det var ikkje uvanleg at slike bygdedokterar, og seinare også jordmødrene, lærte seg «å setje koppar» - dvs. å utføre vaksinasjon mot den frykta koppepesten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.02.2011