Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Lindenow

Christian Lindenow (ca. 1640-1700) truleg frå Danmark, busett på Gjerde på Nordfjordeid. Amtmann.

Var frå 1675 til 1678 amtmann for Nordfjord og Sunnmøre amt, som i denne perioden var skilt ut frå Bergens Stiftsamt.

Lindenow tilhøyrde ein dansk adelsfamilie, og truleg var det som ei personleg påskjøning for ei teneste at den dansk-norske kongen skipa eit «personleg» amt for Lindenow. Han kjøpte storgarden Gjerde og budde der saman med ei elskerinne som han fekk barn med.

I 1678 vart Lindenow avsett frå embetet som amtmann for Nordfjord og Sunnmøre, som deretter gjekk tilbake i folden som ein del av Bergens Stiftsamt.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 03.03.2008