Hopp til innhold
X
Innhald

Då Harald Hårfagre la under seg Firdafylke

I Snorre Sturlason sine kongesoger vert det fortalt korleis Harald Hårfagre – etter å ha lagt under seg Trøndelag og Møre – reiste sørover og la under seg Firdafylke.

"......Våren etter budde kong Harald til ein stor hær frå Trondheimen, og sa han ville stemne til Sunnmøre med denne hæren.

Slag ved Solskjel

Solve Klove hadde om vinteren lege ute på hærskip og herja på Nordmøre og drepe mange av mennene til kong Harald der; og sume hadde han røva frå. Stundom om vinteren hadde han vore på Sunnmøre hos kong Arnvid, frenden sin. Då dei spurde at kong Harald kom, samla dei ein hær og vart mangmente, for mange syntest dei hadde noko å hemne på kong Harald.

Solve Klove for sør i Fjordane til kong Audbjørn, som styrde der, og bad om hjelp; bad at han skulle kome med hæren sin og hjelpe han og kong Arnvid, og seier så:

- «Det er greitt å sjå at vi ikkje har annan utveg enn å reise oss mot kong Harald alle: Då tenkjer eg vi har makt nok, og då får lagnaden rå for sigeren. Men i anna fall må vi verte trælane hans, og det er ikkje ein utveg som høver for slike menn som har likså stort heidersnamn som Harald. Far min tykte at det var betre å falle i slaget som konge, enn å verte undermannen til kong Harald».

Solve tala føre han slik at Audbjørn lova å fare. Han drog i hop ein hær og for nordetter til kong Arnvid, og då hadde dei ein ovande stor hær. Dei spurde då at kong Harald var komen nordafrå, og dei møttest innanfor Solskjel. Den tid var det skikk når dei slost til skips at dei batt skipa i hop og slost framme ved stamnane. Så gjorde dei no òg. Kong Harald la skipet sitt mot kong Arnvid. Dette slaget vart styggeleg kvast, og det fall mykje folk på begge sider.

Sistpå vart kong Harald så vill og vreid at han gjekk fram i rausna på skipet sitt, og stridde då så kvast at alle frambyggene på skipet til Arnvid drog seg attom til masta, og somme fall. Kong Harald gjekk opp på skipet, og då gav mennene til kong Arnvid seg på flog; men han sjølv fall på skipet sitt. Der fall kong Audbjørn med; men Solve flydde.

Så seier Hornklove:

: Gramen vekte eit spydver, : med gny av ljomande sverdslag; : pilene regnde frå lufta, : og raudt or såra saud blodet. : Haugar av stridsmenn lagdest : livlause framme i rausna, : men kongen hugdjerv vann siger, : med hogga skrall mot skjoldar.

La under seg Sunnmøre

Av hæren til kong Harald fall Asgaut og Asbjørn, jarlane hans, og Gjotgard og Herlaug, verbrørne hans, søner til Håkon Ladejarl. Solve var sidan ein stor viking og gjorde ofte stor skade på riket til kong Harald. Etter dette la kong Harald under seg Sunnmøre. Vemund, bror til Audbjørn, sleppte ikkje frå seg Firdafylke. Dette var seint på hausten, og kong Harald og mennene hans vart samde om at dei ikkje skulle fara sør om Stad seinhaustes. Då sette kong Harald Ragnvald til jarl over Nordmøre og Sunnmøre og Romsdal, og han hadde mykje folk ikring seg. Så fór kong Harald til Trondheim.

Brende kongen inne

Same vinteren fór Ragnvald jarl den indre vegen om Eid (d.e. Mannseidet i Selje kommune – ved «rota» til Stadlandet) og så sør i Fjordane. Han hadde fått spurlag om kong Vemund, og kom om natta til ein stad som heiter Naustdal (i Eid kommune). Der var kong Vemund i gjestebod. Ragnvald jarl kringsette huset og brende kongen inne med nitti mann.

Etter dette kom Berle-Kåre (frå Berle i Bremanger) til Ragnvald jarl med eit langskip som var heilt tilbudd, og dei fór begge nord til Møre. Ragnvald jarl tok dei skipa som kong Vemund hadde ått, og alle den lausøyren han fekk fatt i. Berle-Kåre fór nord til kong Harald og vart mannen hans. Han var ein stor berserk.

La under seg Firdafylke

Om våren etter for kong Harald sør langsmed landet og la under seg Firdafylke. Sidan segla han aust langsmed landet og kom like aust til Vika.

Han sette jarlen Håkon Grjotgardsson att og gav han styringa i Firdafylke. Då sende Håkon jarl bod til Atle jarl den mjove at han skulle fara bort frå Sogn og vere jarl i Gaular (med bustad i Osen), som han hadde vore før, og sa at kong Harald hadde gjeve Sygnafylke til han.

Slag i Stongfjorden

Atle jarl sende bod attende og sa at han ville ha både Sygnafylke og Gaular til dess dei råka kong Harald. Jarlane tretta om dette, til dess dei samla ein hær begge to. Dei møttes på Fjaler i Stavenesvåg (som truleg er det same som Stongfjorden) og heldt eit stort slag der. Der fall Håkon jarl. Men Atle jarl fekk ulivssår, og mennene hans fór til Atløy (i Askvoll kommune) med han, og der døydde han.

Så seier Øyvind Skaldespille:

: Venen til Hild, : Håkon, fekk : daude-sår, : då djervt han stridde, : og sin alder : i odde-leiken : Frøys ætting : på Fjaler anda. : Og vågen vart : vidt ikring : blanda raud : men blod og menn, : dei gjæve, som stupte : om Grjotgard-sonen : i store stridsgny : ved Stavenes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011