Hopp til innhold
X
Innhald

Då hovdinggarden på Naustdal brann

Naustdalstunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naustdalstunet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Naustdal budde det storfolk på Harald Hårfagr si tid. Snorre Sturlason fortel at småkongen Vemund heldt gjestebod med 90 menn på Naustdal då Ragnvald mørejarl kringsette husa og brende fiendane sine inne.

På Naustdal står det to digre bautasteinar att frå norrøn tid. Den eine baustasteinen er 3,65 meter høg og står nede ved fjorden, og den andre litt ovanfor Naustdalstunet er 5,75 meter høg. Seinare har ein også grave fram ein tredje bautastein som i eldre tid stod oppreist ved fjorden.

I Snorre Sturlason sine kongesoger vert det fortalt korleis Harald Hårfagre - etter å ha lagd under seg Trøndelag og Møre - reiste sørover og la under seg Firdafylke: "......Våren etter budde kong Harald til ein stor hær frå Trondheimen, og sa han ville stemne til Sunnmøre med denne hæren. Solve Klove hadde om vinteren lege ute på hærskip og herja på Nordmøre og drepe mange av mennene til kong Harald der; og sume hadde han røva frå. Stundom om vinteren hadde han vore på Sunnmøre hjå kong Arnvid, frenden sin. Då dei spurde at kong Harald kom, samla dei ein hær og vart mangmente, for mange syntest dei hadde noko å hemne på kong Harald. Solve Klove fór sør i Fjordane til kong Audbjørn, som styrde der, og bad om hjelp; bad at han skulle kome med hæren sin og hjelpe han og kong Arnvid, og seier så:

Ein av dei to store bautasteinane på Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK

Ein av dei to store bautasteinane på Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK

- "Det er greitt å sjå at vi ikkje har annan utveg enn å reise oss mot kong Harald alle: Då tenkjer eg vi har makt nok, og då får lagnaden rå for sigeren. Men i anna fall må vi verte trælane hans, og det er ikkje ein utveg som høver for slike menn som har likså stort heidersnamn som Harald. Far min tykte at det var betre å falle i slaget som konge, enn å verte undermannen til kong Harald".

Solve tala føre slik at Audbjørn lova å fare. Han drog i hop ein hær og fór nordetter til kong Arnvid, og då hadde dei ein ovande stor hær. Dei spurde då at kong Harald var komen nordafrå, og dei møttest innanfor Solskjel. Den tid var det skikk når dei slost til skips at dei batt skipa i hop og slost framme ved stamnane. Så gjorde dei no óg. Kong Harald la skipet sitt mot kong Arnvid. Dette slaget vart styggeleg kvasst, og det fall mykje folk på begge sider. Sist på vart kong Harald så vill og vreid at han gjekk fram i rausna på skipet sitt, og stridde då så kvasst at alle frambyggene på skipet til Arnvid drog seg attom til masta, og sume fall. Kong Harald gjekk opp på skipet, og då gav mennene til kong Arnvid seg på flóg; men han sjølv fall på skipet sitt. Der fall kong Audbjørn med; men Solve flydde. Så seier Hornklove:

Gramen vekte eit spydver, med gny av ljomande sverdslag; pilene regnde frå lufta, og raudt or såra saud blodet. Haugar av stridsmenn lagdest livlause framme i rausna, men kongen hugdjerv vann siger, med hogga skrall mot skjoldar.

Av hæren til kong Harald fall Asgaut og Asbjørn, jarlane hans, og Gjotgard og Herlaug, verbrørne hans, søner til Håkon Ladejarl. Solve var sidan ein stor viking og gjorde ofte stor skade på riket til kong Harald. Etter dette la kong Harald under seg Sunnmøre.

Vemund, bror til Audbjørn, sleppte ikkje frå seg Firdafylke. Dette var seint på hausten, og kong Harald og mennene hans vart samde om at dei ikkje skulle fara sør om Stad seinhaustes. Då sette kong Harald Ragnvald til jarl over Nordmøre og Sunnmøre og Romsdal, og han hadde mykje folk ikring seg. Så fór kong Harald til Trondheim.

Same vinteren fór Ragnvald jarl den indre vegen om Eid (d.e. Mannseidet i Selje kommune - ved "rota" til Stadlandet) og så sør i Fjordane. Han hadde fått spurlag om kong Vemund, og kom om natta til ein stad som heiter Naustdal. Der var kong Vemund i gjestebod. Ragnvald jarl kringsette huset og brende kongen inne saman med 90 menn. Etter dette kom Berle-Kåre til Ragnvald jarl med eit langskip som var heilt tilbudd, og dei fór begge nord til Møre. Ragnvald jarl tok dei skipa som kong Vemund hadde ått, og alt det lausøyre han fekk fatt i. Berle-Kåre fór nord til kong Harald og vart mannen hans. Han var ein stor berserk.

Om våren etter for kong Harald sør langsmed landet og la under seg Firdafylke. Sidan segla han aust langsmed landet og kom like aust til Vika. Han sette jarlen Håkon Grjotgardsson att og gav han styringa i Firdafylke. Då sende Håkon jarl bod til Atle jarl den mjove at han skulle fara bort frå Sogn og vere jarl i Gaular (med bustad i Osen) , som han hadde vore før, og sa at kong Harald hadde gjeve Sygnafylke til han. Atle jarl sende bod attende og sa at han ville ha både Sygnafylke og Gaular til dess dei råka kong Harald. Jarlane tretta om dette, til dess dei samla ein hær begge to. Dei møttes på Fjaler i Stavenesvåg (som truleg er det same som Stongfjorden) og heldt eit stort slag der. Der fall Håkon jarl. Men Atle jarl fekk ulivssår, og mennene hans fór til Atløy (i Askvoll kommune) med han, og der døydde han. Så seier Øyvind Skaldespille:

  • Venen til Hild,
  • Håkon, fekk
  • daude-sår,
  • då djervt han stridde,
  • og sin alder
  • i odde-leiken
  • Frøys ætting
  • på Fjaler anda.
    • Og vågen vart
    • vidt ikring
    • blanda raud
    • men blod og menn,
    • dei gjæve, som stupte
    • om Grjotgard-sonen
    • i store stridsgny
    • ved Stavenes.
    • Naustdalstunet sett frå vest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Naustdalstunet sett frå vest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Naustdal var adelsgard

      Naustdal var adeleg setegard i dansketida, d.v.s. at adelsmenn som var fritekne for skatt og tiende, truleg budde på garden. 1626 var det den danske adelsmannen Chr. Ulfeldt som eigde garden. I 1639 var det kring 100 slike adelege setegardar i Noreg. Dei mest kjende adelsgardane i Sogn og Fjordane var Svanøy i Sunnfjord og Kaupanger hovedgård i Sogndal, men elles fanst det slike adelsgardar m.a. på Stedje og Kvam i Sogndal og fleire stader i Luster kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 11.02.2011