Hopp til innhold
X
Innhald

Den eldste handelsverksemda på Nordfjordeid

Nordfjordeid på 1890-talet. Heilt til venstre ligg Mel, deretter Myklebust like til venstre for kyrkja, og lengst til høgre storgarden Gjerde. Ukjend fotograf, foto utlånt frå Historisk galleri, Lars Lunde.

Nordfjordeid på 1890-talet. Heilt til venstre ligg Mel, deretter Myklebust like til venstre for kyrkja, og lengst til høgre storgarden Gjerde. Ukjend fotograf, foto utlånt frå Historisk galleri, Lars Lunde.

I 1638 starta truleg den første handelsverksemda på storgarden Gjerde, då Jon Willumson løyste borgarbrev for å drive handel der. Willumson eigde ikkje sjølv Gjerde, men busette seg på nabobruket Osnes.

Frå 1660 då byprivilegia vart innført og fram til midten av 1800-talet då privilegia vart avskaffa, var det borgarane på storgardane Myklebust og Gjerde som kontrollerte det meste av varehandelen på Nordfjordeid og i Eidsbygda.

Det var også Wiese- og Boalth-slektene på Gjerde som hadde handelen på Grodåssanden i Hornindal (sjå Industri og næring i Hornindal). Les meir om handelsnæringa på Myklebust og Gjerde under Historie i artiklane om Myklebust - den eldste storgarden og Storgarden Gjerde. Men i eldre tider var det også kremmarleie og gjestgiveri på Skipenes, og litt handel på garden Osnes, noverande Plassen.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011