Hopp til innhold
X
Innhald

Den eldste historia i Eid

Fornfunn i graver

Fornfunn i graver

Det gamle tunet i Kjølsdalen heitte i norrøn tid Myklebustad (Myklebust). I ei såkalla branngrav på Holen vart det i 1906 funne sverd, spyd og andre våpen og ein dåse av gull, og i Humborstadstranda vart det funne perler og restar av eit skrin i 1909.

Nokre av dei rikaste fornfunna som er gjorde på Vestlandet, vart gjorde på den tidlegare storgarden Myklebust på Nordfjordeid på 1840-talet.

På ytre Reksnes ligg ei av dei største gravrøysene på Vestlandet, men det vart ikkje funne gjenstandar i røysa då det tidleg på 1900-talet vart grave i den.

Då Harald Hårfagre la under seg Firdafylke

I Snorre Sturlason sine kongesoger vert det fortalt korleis Harald Hårfagre - etter å ha lagt under seg Trøndelag og Møre - reiste sørover og la under seg Firdafylke.

På gravhaugen Skjoratippen på Myklebust er det reist ei minnestøtte. (Foto: NRK)

På gravhaugen Skjoratippen på Myklebust er det reist ei minnestøtte. (Foto: NRK)

Fornfunna på Myklebust

Nokre av dei rikaste fornfunn som er gjort på Vestlandet, vart gjorde på den tidlegare storgarden Myklebust på Nordfjordeid på 1840-talet.

Storfolk på Naustdal

Dei fleste historikarar reknar med at ei stormannsætt som rådde i Fjordane i vikingtida hadde tilhald på Naustdal i Eid - og ikkje i Naustdal i Sunnfjord.

Den mystiske steinkrossen på Midthjell

Fram til 1831 stod det ein merkeleg steinkross i fjæra ved eit berg mellom Lefdalsbygda og Midthjell - dei to veslegaste grendene i Eid kommune.

Stårheimsætta med dronning og baglarbisp

Hadde sete på Starheim, og var ei mektig stormannsætt i dei urolege borgarkrigsåra på 1100-1200-talet.

Storgardane på Nordfjordeid

Strandstaden Nordfjordeid var i gamal tid dominert av storgardane Myklebust og Gjerde og folket som budde der.

Fonnulukke på Navelsaker

Mange gardstun langs Hornindalsvatnet har vore utsette for fonnskadar.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 11.02.2011