Hopp til innhold
X
Innhald

Den mystiske steinkrossen på Midthjell

Steinkrossen på Midthjell - ein kopi av krossen som stod der til 1831. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinkrossen på Midthjell - ein kopi av krossen som stod der til 1831. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fram til 1831 stod det ein merkeleg steinkross i fjæra ved eit berg mellom Lefdalsbygda og Midthjell - dei to vestlegaste grendene i Eid kommune.

Krossen stod ute i vatnet slik at den var overflødd ved full flo. Den var 1,26 meter høg og 89 cm brei over armane. Staden der den stod kallast framleis Krosstranda.

Flytta til Bergen

I 1831 vart krossen etter ordre frå den historieinteresserte biskop Jakob Neumann flytta til det som då heitte Bergens Museum. Mannen som skipa Bergens Museum, Wilhelm Frimann Koren Christie, fekk med bispen i det første styret, og Neumann sørgde m.a. med sin kyrkjeautoritet føre at mellomalderkunst og -utstyr som låg lagra kringom i kyrkjene på Vestlandet vart sendt til det nye muséet i Bergen. Difor har muséet den rikaste samling av kyrkjekunst frå mellomalderen i Nord-Europa.

Registrerte historiske stader

Men Neumann reiste også mykje i bispedømet og gjorde ei mengd oppteikningar om fornminne og historiske byggverk. Eitt av dei som han omtala var restane etter borga til Audun Hugleikson på Ålhus i Jølster. Gamle runesteinar frå Sogndal og ein runestein frå Dale i Sunnfjord er hamna på muséet i Bergen etter Neumanns innsats - steinkrossen frå Midthjell likeså.

Stod på bønestad

Historikaren Jakob Åland refererer til ei segn som fortel at steinkrosssen opphaveleg stod på ein bønestad inne på land, men vart flytta over fjorden til Davik av ein fut.

Her spøkte det kring krossen, og det enda med at den vart flytt nord om fjorden att. Men i staden for å setje den på plass på land, velta arbeidsfolket steinen i sjøen.

Sjømerke

Eit par andre forklaringar kan vere meir truande: At krossen vart sett opp til minne om nokon som kom vekk på sjøen - eller at den var eit sjømerke. Steinkrossar frå vikingtid og tidleg kristen tid finst i Sogn og Fjordane i Eivindvik i Gulen, ved Korssund i Fjaler, på Svanøy, på Ryggøyra i Gloppen og ved Vereide kyrkje.

I 1995 vart det reist ein kopi av den grovt tilhogne krossen i Krosstranda - men kopien er no flytta opp på ein rasteplass ved riksvegen.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.04.2014