Hopp til innhold
X
Innhald

Distriktslegane i Eid

Den første distriktslegen på Nordfjordeid heldt først til i dette huset på Myroldhaug. Huset har og vore offisersgard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første distriktslegen på Nordfjordeid heldt først til i dette huset på Myroldhaug. Huset har og vore offisersgard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1802 vart Chr. Bonning Uchermann tilsett som den første distriktslegen i Sogn og Fjordane.
Han busette seg på Faleide i Stryn og skulle tene både Nordfjord og Sunnfjord, samt deler av kommunane Solund og Hyllestad i ytre Sogn som den gongen høyrde til Askvoll kommune.

Helselaus av strabasane

Uchermann var ein ihuga mann som mang ein gong våga livet på reiser i det enorme distriktet, og han vart til slutt blind og helselaus av strabasane. Tanken var at indre Sogn skulle få eigen distriktslege samstundes med Uchermann, men her gjekk det lengre tid før nokon vart tilsett.

Cammermeyer først på Nordfjordeid

I 1838 vedtok Regjeringa å dele Fjordane i to distriktslegedistrikt – eitt for Nordfjord med legen plassert på Nordfjordeid, og eitt for Sunnfjord med legen plassert på Leitet i Fjaler kommune. Johan Wiiding Heiberg Cammermeyer vart den første distriktslegen plassert på Nordfjordeid. Han fekk kontor i Thyvold-huset på Skårhaug. I 1857 vart legedistrikta på nytt delte – denne gongen i åtte distrikt: I Nordfjord med eitt indre for Gloppen, Innvik, Stryn og Hornindal kommunar, og i midtre og ytre med kommunane Eid, Davik, Bremanger og Selje - som då omfatta Vågsøy. I 1867 skilde Eid kommune lag med kommunane Selje og Davik og vart eige legedistrikt. Ved hundreårsskiftet var det 14 distriktslegar i Nordre Bergenhus amt, plasserte på Faleide ved Stryn, Sandane, Nordfjordeid, Måløy, Førde, Florø, Leitet (Fjaler), Eivindvik, Lavik ,Vadheim, Vik, Sogndal, Luster og Lærdal. I tillegg tilsette fleire kommunar eigne kommunelegar kring hundreårskiftet. I 1906 var det i alt sju kommunelegar; i Bremanger, Kinn, Askvoll, Balestrand, Leikanger og Aurland.

Distriktslegebustaden like ved Eid kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Distriktslegebustaden like ved Eid kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villa med legekontor

I 1896 kjøpte distriktslege Jakob Wilhelm Rummelhoff ein villa like ved Eid kyrkje frå lensmann N. Oppen. Her innreidde han legekontor. Seinare kjøpte kommunen huset, og distriktslegen hadde kontor i denne bygningen heilt til det vart flytta over i Eid rådhus.

Legemangel

gjorde at overlege Hans Chr. Wennevold ved Nordfjord Sjukehus i lange bolkar måtte tene som distriktslege i Eid ved sida av arbeidet ved sjukehuset.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.02.2011