Hopp til innhold
X
Innhald

Dorte-kista på Skipenes

På 1600- og 1700-talet budde det handelsborgarar og riksfolk på garden Skipenes. I tunet stod det lenge ei diger, jarnskodd kiste som vart kalla Dorte-kista.

Namnet hadde den etter Dorte Jetmundsdotter, som eigde garden frå 1842. Ho eigde elles gardar på Roti og Skauset, Melheim og Heggja ved Hornindalsvatnet. Mass-Dorte som ho vart kalla, skrytte gjerne av rikdommen sin. For å vise kor rik ho var, tok ho ein gong ein feit gullring og kasta den i Eidselva. – Like så visst som ho aldri fekk sjå ringen att, så ville ho nokon sinne verte fattig, sa Mass-Dorte.

Men ein fiskar fann gullringen att i magen på ein laks som han fanga. Mass-Dorte fekk ringen att – og då ho døydde 89 år gamal, fór ho ut av verda som ei lutfattig kvinne.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 20.10.2008