Hopp til innhold
X
Innhald

Edvard Os

Edvard Os. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Edvard Os. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

(1885-1970) frå Nordfjordeid. Offiser og organisasjonsmann i ungdomslag og mållag. Første formann i Oslo Unge Venstre 1908, og formann i Oslo Mållag 1918-22.

Sjef i Aust-Finnmark i 1940

Frå 1913 til 1927 sekretær i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, og var medskipar av Landslaget for Spelemenn i 1923. Han var elles nestleiar i styret for Det Norske Teatret og styremedlem i Kongsberg Våpenfabrikk. Frå 1927 var han ei tid forlagssjef i Noregs Boklag. Utnemd til oberstløytnant og sjef for Varanger Bataljon i 1934 og sjef for stridskreftene i Aust-Finnmark i 1940.

Allsidig forfattar

Edvard Os var ein svært produktiv og allsidig forfattar, og gav ut fleire bøker om målreising og lagsarbeid, og fagbøker. Han skreiv bøker om kjøkemeisterkunst, skodespel og instruksjonsboka ”Amatørteatret”. Han gav elles ut bøkene ”Handbok for ungdomslag” – om bygging av ungdomshus i 1917, Stemneskrå” 1923, ”Den Frilynde ungdomsrørsla” 1921 saman med Sven Moren, redigerte bladet ”Norsk Ungdom” og gav også ut ei bok om ”Norsk Brevkunst”. I Nordfjord er Edvard Os mest kjend for å ha skrive dei reviderte utgåvene av Jakob Åland sine bygdebøker for Eid og Hornindal, bygdebøkene for Selje og Vågsøy, og ”Stårheim og Stårheimsætta i mellomalderen”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 03.03.2008