Hopp til innhold
X
Innhald

Eid Forbruksforening

Forretningsbygget som Eid Forbruksforening reiste på 1960-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Eid Forbruksforening reiste på 1960-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Forbruksforening – opphaveleg Eids Forbrukslag - vart grunnlagd i 1909. Forbruksforeninga er oppretta etter same samvirkemodell som Eids Handelslag.

Firmaet bygde i 1916 eige forretningsbygg ved Almenningen, og på 1960-talet nytt forretningsbygg, der foreninga dreiv ass. handel og kafeteria til selskapet gjekk konkurs på 1990-talet.

I bygget heldt Vinmonopolet til frå det opna utsal på Nordfjordeid i 1991 og til det flytta over til sjølvbetjent butikk i nye Moengården i 2005. Også Rimi, møbelbutikken Møbelringen og fleire har vore leigetakarar i bygget. Eid lensmannskontor fekk også lokale i bygget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011