Hopp til innhold
X
Innhald

Eid først ute med fjordvarme

I 2003 bygde Eid kommune ut eit stort anlegg på Nordfjordeid for varmegjenvinning frå Eidsfjorden.

Utbygginga vart gjort samstundes med installasjon av breiband og røyr for framtidig gassforsyning til abonnentar på Nordfjordeid. Samla investering er kring 25 millionar kroner. Kommunal- og regionaldepartementet ytte eit tilskot på 3,5 millionar kroner til dette pilotprosjektet prosjektet, NVE 4.865.000 kroner og Statens Forureiningstilsyn 900.000 kroner.

I fjørebotnen langs stranda er det grave ned 600 meter røyr, og forsyningsrøyra kringom på Nordfjordeid er 6 kilometer i første prosjektet. Effekten frå anlegget er 22 gigawatt/timar GWh, og tilsvarar ei energimengde som er nok til å forsyne 800 husstandar.

Mellom dei første som får nytte av anlegget er skular, sjuke- og aldersheim og Nordfjord sjukehus. Ferdig utbygt, vert driftskostnaden 4 øre pr. kilowatt-time. Fjordvarme AS heiter det kommunale selskapet som eig og driv anlegget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 20.10.2008