Hopp til innhold
X
Innhald

Eid Idrettslag

Eid Idrettslag hadde sin forløpar i Eids Turnforening som vart skipa i 1863, og er såleis eitt av dei eldste idrettslaga i landet, og det eldste på landsbygda. Men lagsaktiviteten låg nede i lange periodar - særleg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. I lang tid dreiv også fotballfolket sine eigne lag utanfor idrettslaget. Det same gjorde skifolket.

Fred. A. Torp sat i det første styret i Eids Turnforening.

Fred. A. Torp sat i det første styret i Eids Turnforening.

Eids Turnforening

Skipingsmøtet for dette aller første idrettslaget vart halde hausten 1862. Denne første foreninga var eit lag for overklassen på Nordfjordeid. Første styremedlemer var «Kaptein og Veimester i Nordfjord Fred. A. Torp og Student E. Krogh Stang, Udskifdtningsformand Kvale og Kasserer const. Lendsmand Johan Tyvold». Også «Landhandler Peder Schrøder Boalth» kom tidleg med i «Direksjonen» for turnforeninga. I dei første vedtektene heitte det at turnøvingane skulle vere gratis for borna til medlemane, og kvar 17. mai skulle det haldast «Turnskue». Øvringane heldt dei i ei gamal tingstove på «Lønnsbruket» på Myklebust. Truleg vart dette første laget lagt ned då tingstova vart riven i 1865.

Mykje av idrettsaktiviteten hadde og utspring i det militære. Biletet viser kappkliving i tau på eksersisplassen.

Mykje av idrettsaktiviteten hadde og utspring i det militære. Biletet viser kappkliving i tau på eksersisplassen.

Militært mellomspel

I samband med 17.mai-feiringa utover 1800-talet var det likevel vanleg å skipe til ulike idrettstevlingar på Nordfjordeid, m.a. kapproing på fjorden.Frå 1890 gjennomførte dei militære årvisse idrettskappleikar på Plassen. Her kunne også sivilistar delta. Vanlege øvingar den første tida var kappgang, hurtigløp, hinderløp over 300-400 meter, og drakamp med tau. Seinare kom hopp og kast med kule, diskos og spyd - og symjing i fjorden. I 1896 vart det også skipa til «Militært hjulridt» - dvs. kappsykling - for første gong.

Ann Therese Nord med pokalen som er symbolet på at jentelaget til Eid gjekk til topps i fotballturneringa Norway Cup.

Ann Therese Nord med pokalen som er symbolet på at jentelaget til Eid gjekk til topps i fotballturneringa Norway Cup.

Nyskipa Eids Turnforening

I 1900 vert det på nytt skipa ei Eids Turnforening, denne gongen etter påskuv frå den nasjonale «Centralforeningen for Utbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug». Laget fekk frå starten 40 medlemer og leigde «Losjehalla» av den lokale IOGT-losjen til turnøvingar. Utandørs fekk laget nytte den militære eksersisplassen til friidrett. Men sjølv om Turnforeninga eksisterte, så var utandørsidretten på Nordfjordeid temmeleg laust organisert med tilfeldige stemne heilt fram på 1920-talet. Det gjaldt m.a. fotballen, der eidarane hadde sin første dyst mot eit fotballlag frå Florø alt kring 1902. I 1923 vart turnlaget reorganisert, bytte namn til Eids Idrettslag i 1923 og starta organisert instruksjon i ulike øvingar, m.a. med 10-kampmeisteren frå OL i 1920, Helge Løvland, som instruktør. Innandørs trening vart lagt til ungdomshuset «Valhall» då dette stod ferdig i 1927. Skigruppa bygde ein større hoppbakke, Holebakken på Stigedalen, og arrangerte første distriktsrennet der i 1928.

Eivind Daniel Røed er eitt av mange fotballtalent som er flaska opp i Eid Idrettslag. Han gjekk til Sogndal som 17-åring og har også fått ein del kampar på aldersfastlagde landslag. Foto: Arve Uglum, NRK.

Eivind Daniel Røed er eitt av mange fotballtalent som er flaska opp i Eid Idrettslag. Han gjekk til Sogndal som 17-åring og har også fått ein del kampar på aldersfastlagde landslag. Foto: Arve Uglum, NRK.

Eigen fotballklubb

Eids Fotballklubb vart skipa i 1921, men noko seinare førde usemje innan fotballmiljøet til skiping av eit «utbrytarlag» som kalla seg «Einig». Dette gjekk inn i hovudgruppa att etter nokre år. Eid fotballklubb gjekk inn som undergruppe i Eids Idrettslag i 1946, som same året bygde idrettsplass i Øyrane. Dei mest kjende fotballspelarane frå Eid Idrettslag er landslagsspelarane Knut Osnes, Harald Aabrekk og Azar Karadas.

Dameturngruppa

Eid Idrettslag fekk eiga dameturngruppe i 1925, men etter eit kort blaff låg aktiviteten nede til hausten 1932. Då starta ei ny gruppe som heldt det gåande til 1937. Så låg gruppa nede til 1946. Ei drivande kraft i turnmiljøet på Nordfjordeid frå 1940-talet og i ein mannsalder frametter var Alvhild Horn.

Eid Idrettshus og kunstgrasbana. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Idrettshus og kunstgrasbana. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.02.2011