Hopp til innhold
X
Innhald

Eid Installasjonsforretning

Forretningsbygget til Oscar Gjerde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget til Oscar Gjerde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Installasjonsforretning på Nordfjordeid vart starta i 1925 av Oscar Gjerde. Dette var ei av dei første verksemdene i sitt slag i fylket, og ei av dei største i Nordfjord.

Gjerde heldt i mange år til i den gamle Boalth-løa på garden Gjerde, men bygde i 1967 eige forretningsbygg med elektroforretning ved noverande E39 like ved rådhuset.

Jetmund Englund overtok verksemda, og idag er det sonen Ole Johan Englund som er dagleg leiar av Gjerde Elektroservice. I 1981 vart installasjonsavdelinga utskild som Eid Elektro A/S. Eid Elektro hadde 30 tilsette i 2010, og ei omsetning på 38 millionar kroner.

I 2012 kjøpte Eid Elektro Bergens-firmaet Tavlebygger1 som etter det fekk namnet Eid Elektro avdeling Bergen. Eid Elektro har til saman 38 tilsette etter oppkjøpet.

I 2014 kjøpte Eid Elektro seg inn i og vart største eigaren i Nordvest Elektro Drifta AS i Volda.

I 2014 hadde talet på tilsette auka til 60, av desse 46 på Nordfjordeid. Omsetninga i 2013 var på vel 65 millionar kroner. Eid Elektro held i dag til i eit næringsbygg i Øyane, i 2014 er det planar om å utvide dette. Bygging av elektriske tavler utgjer 2/3 av omsetninga.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 09.06.2015