Hopp til innhold
X
Innhald

Eid og Stareim Brandassuranceforening

Eid og Stareim Brandassuranceforening vart skipa i 1873 som det første lokale branntrygdelaget i Sogn og Fjordane som synte seg å vere levedyktig.

I 1845 hadde ein gjort eit mislukka forsøk på å starte eit branntrygdelag i Aurland. Det var bonde og seinare lensmann Anders L. Ous som gjorde opptaket til laget i Eid som fekk 147 medlemmer frå starten. Heilt fram til 1904 sat samtlege krinsstyrarar i styret. Krinsstyrarane skulle føre takstprotokoll og krevje inn kontingent i kvar sin krins.

Brannassuranceforeninga hadde også medlemmer i Davik, Bremanger, Selje og Hornindal.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 03.04.2009