Hopp til innhold
X
Innhald

Eid tidleg ute med skuletannrøkt

John Myklebust var den andre tannlegen i Eid.

John Myklebust var den andre tannlegen i Eid.

Helga Myklebust, dotter til krigskommissær John Myklebust , var ei av dei første norske kvinner som utdanna seg til tannlege.
Ho starta privat tannlegepraksis på Nordfjordeid i 1918. Før den tid hadde tilreisande tannlegar frå Bergen drive sporadisk tannpleie på Nordfjordeid.

Broren tok over

Då Helga gifta seg med ein dansk tannlege og busette seg i Danmark, overtok broren John Myklebust (1900-1991) tannlegepraksisen hennar på Nordfjordeid i 1926. Etter oppmoding frå Hornindal kommune, hadde John Myklebust også kontordagar i Hornindal utover på 1940- og 1950-talet. Det var Myklebust som var pådrivaren for at Eid kommune vart ein av dei første i Sogn og Fjordane som starta skuletannrøkt på slutten av 1940-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.02.2011