Hopp til innhold
X
Innhald

Eid verft

Eid Verft vart grunnlagt 1971 av Reidar Klungsøyr, som dreiv Smedvik Verksted i Tjørvåg på Sunnmøre.

Eid Verft vart grunnlagt 1971 av Reidar Klungsøyr, som dreiv Smedvik Verksted i Tjørvåg på Sunnmøre.

Utrustingsanlegget stod ferdig i 1975. Eid Verft vart raskt den største industriarbeidsplassen i Eid kommune, og vart drive av Smedvik-gruppen fram til 1980. I Smedvik-tida vart det bygd i alt 14 skip ved verftet, og sju av desse vart leverte fullt utrusta frå Eid Verft.

Sidan krisa i 1980 då Smedvik-gruppen gjekk konkurs har verftet på Løkjaneset gått gjennom fleire konkursar og eigarskifte. Nokre tilsette gjorde m.a. ein mislukka freistnad på å drive verftet med eit eige aksjeselskap.

Verftet vart i 2000 kjøpt av Havyard-gruppa på Sunnmøre, som også eig Havyard Leirvik (sjå Løland Verft). I 2005 kjøpte John Olav Lefdal saman med ei gruppe frå Raudeberg i Vågsøy skipsverftet på Løkja og skipa Nor Marine Stål AS. Anlegget vart kjøpt for seks millionar kroner og er bygd om for å kunne levere ulike stålprodukt til m.a. skipsindustrien.

Lefdal eig 50 prosent av aksjane i det nye selskapet. Eigarane frå Raudeberg er knytte til skipsverftet Blaalid AS (sjå dette under Fabrikkar og verkstader i Vågsøy): Asbjørn Horn, Per Jørgen Silden og Terje Hveberg.

- Sjå også Nor Marine Industrier AS , skipa 2006.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 03.06.2008