Hopp til innhold
X
Innhald

Eids almueboksamling

Då Jakob Neumann vart biskop i Bjørgvin i 1822 fekk han skipa såkalla «leselskap» i fleire prestegjeld.

Eid var eitt av dei første, og i 1827 fekk sokneprest og eidsvoldsmann Niels Nikolai Nielsen saman med 27 frammøtte skipa det første almugebiblioteket på Nordfjordfjordeid. I 1836 hadde boksamlinga 119 bøker.

I 1851 hadde samlinga auka til 450 bøker og var dermed ei av dei større på den norske landsbygda på den tida. Også kyrkjesokna i Hornindal og på Stårheim hadde då fått eigne boksamlingar. Samlinga på Stårheim vart formelt skipa som Staarheim sognebibliotek i 1876.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.02.2011