Hopp til innhold
X
Innhald

Eids gymnas, to-årig

Skulebygget til Eids 2-årige gymnas

Skulebygget til Eids 2-årige gymnas

Eids to-årige Gymnas vart skipa i 1922 etter m.a. initiativ frå krigskommissær John Myklebust .

Dei første åra etter starten vart gymnaset drive som privatskule med økonomisk støtte frå kommunen. Rektor fram til 1964 var Andreas Berg. Sidan Eids Gymnas var to-årig, søkte ungdom frå heile landet dit, og inntakskrava var harde.

Det første russekullet på Eids Gymnas.

Det første russekullet på Eids Gymnas.

I mange år hadde dette to-årige gymnaset beste eksamensresultata i landet. Eids Gymnas hadde i desse åra engelskline og realline. Dei to-årige klassane gjekk ut i 1983.

I 1992 vart Eids Gymnas slege saman med Eid Yrkesskule til Eid vidaregåande skule. Eids Gymnas heldt til i 2. etasje i eit stort bygg som kommunen reiste på prestegarden på Mel i 1924, og som husa både folkeskulen, gymnaset og realskulen. Gymnaset hadde skulekjøken i kjellaren. På 1960-talet fekk gymnaset eit tilbygg like ved gamleskulen.

Sjå elles artikkelen Skulehus på Nordfjordeid. I 2006 starta skulen ei eiga line for automatiserte produksjonsprosessar i industrien i samarbeid med selskapet Robotlaben AS som store industriverksemder i Nordfjord står bak.

Eid vidaregåande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid vidaregåande skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.02.2011