Hopp til innhold
X
Innhald

Eids Handelslag

Frå Eids Handelslag rundt 1910. Frå v. Anna Skår Myroldhaug, ukjend, ukjend, Halfdan Faleide, Ingvald Johannessen og Ingeborg Leivdal. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Frå Eids Handelslag rundt 1910. Frå v. Anna Skår Myroldhaug, ukjend, ukjend, Halfdan Faleide, Ingvald Johannessen og Ingeborg Leivdal. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Eids Handelslag vart grunnlagt 1874. Det heitte første åra Eids Handelsforening. Handelslaget bygde i 1877 eige forretningsbygg ved Eidsgata, og har sidan utvida til det som no er kjent som Domus/Mega-bygget.

Nordfjord Handelslag

På 1980-talet starta samanslåinga av lokale handelslag i Nordfjord. Utgangspunktet for denne prosessen var Eids Handelslag, og adminstrasjonen vart lagd til Nordfjordeid. Dei samvirkelaga som kom med, dekte forretningane i Selje, Raudeberg, Bryggja, Stårheim, Nordfjordeid, Hornindal, Stryn og Olden. I 2000 vart så Nordfjord Handelslag slege saman med samvirkelag på Sunnmøre, under namnet Coop Nordfjord og Sunnmøre BA (Coop Nor-Sunn), med administrasjonsstad Volda.

Coop Marked, tidlegare Stårheim Handelslag på Stårheim. Butikken vart lagd ned i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked, tidlegare Stårheim Handelslag på Stårheim. Butikken vart lagd ned i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Vest BA

Den 1. januar 2008 vart Coop Nor-Sunn, som har forretningar i Nordfjord og på Sunnmøre, slege saman med Coop Sogn og Fjordane til Coop Vest BA. Den nye eininga har i alt 83 butikkar frå Hareid i nord til Lærdal i sør og har kring 870 tilsette. Coop Vest har hovudkontor i Førde.

Coop Mega på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Mega på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011