Hopp til innhold
X
Innhald

Eids Privatbank A/S

Sambygg, der Eids Privatbank hadde lokale. Fotoet, som er frå ca. 1940, er utlånt av Fotohistorisk galleri, L. Lunde.

Sambygg, der Eids Privatbank hadde lokale. Fotoet, som er frå ca. 1940, er utlånt av Fotohistorisk galleri, L. Lunde.

Eids Privatbank A/S vart grunnlagd i 1911.

Grunnleggjarar var krigskommissær John Myklebust og kjøpmann H.D. Aasebø. Myklebust var sjølv banksjef i mange år. Banken heldt til i forretningsgarden «Sambygg» i Eidsgata, der også postkontor og telefonstasjon leigde rom.

Eids Privatbank vart i 1954 avdeling av Bergens Kreditbank, og skifta namn til Nordfjord Kreditbank. Seinare vart banken gjennom fleire fusjonar mellom Bergensbankar til slutt innlemma i Den norske Bank (seinare skifta den namn til DnB NOR), som framleis har avdelingskontor på Nordfjordeid.

DnB Nor-kontoret på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

DnB Nor-kontoret på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011