Hopp til innhold
X
Innhald

Eidsgata

Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK

Eidsgata. Foto: Ottar Starheim, NRK

Eidsgata har til dels vel bevart bygningsmasse frå 1800-talet.

Spesielt er huset til tidl. børsemakar Myklebust i drakestil, og med utrangerte geværpiper som gjerde-stakitt(!), og «Aasebø-huset» med tårn. I enden av gata står det store hovudhuset frå 1700-talet og gardsbygningar frå storgarden Gjerde (Yris Hotell).

Mange av dei store kjøpmannshusa frå kring 1900 langs Eidsgata vart bygde av «self-made» bondesøner som slo seg opp som kjøpmenn og kappast om å overgå dei gamle handelsfolka på storgarden Gjerde med staselege forretningsgardar.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.09.2010