Hopp til innhold
X
Innhald

Eidsvollsmenn frå Nordre Bergenhus Amt

Eidsvollbygningen. Foto: Anniken Mihle, NRK.

Eidsvollbygningen. Foto: Anniken Mihle, NRK.

Desse representantane med tilknyting til Nordre Bergenhus Amt deltok på Eidsvollssamlinga i 1814, og utforma den norske Grunnlova:

Cancelliråd og sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal. Sokneprest Niels Nikolai Nielsen, Holmedal (flytta seinare til Eid). Gardbrukar Peder Pederson Hjermann, Lærdal.

I tillegg til desse folkevalde utsendingane, vart kaptein Ole Elias Holck frå Leirvik/Alværa vald som utsending frå Bergenhusiske Regiment, og bonde og musketer Nils Johannesson Loftesnes, Sogndal, som utsending frå Bergenhusiske Infanteriregiment.

Utanom desse var sokneprest Jens Stub, fødd og oppvaksen som sorenskrivarson på Løken i Eid kommune, vald som utsending frå Romsdals Amt.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.01.2014