Hopp til innhold
X
Innhald

Eksersisplass på Lote

Lote ca. 1900.

Lote ca. 1900.

Skulemannen og historikaren Anders A. Lothe meiner det også har lege ein militær eksersisplass på Øvrebøen på Lote i gamal tid – truleg frå tidleg på 1600-talet og i 90 år fram til 1718.

Han meiner at lokale stadnamn som Belivet kjem frå «Bellevue» som franske offiserer sette på ei lita flate, og Vafenbakken er omskriving av tyske «waffen» – våpen.

Det ein sikkert veit om Lote, er at første utskrivinga av soldatar til Nordfiordske Compagnie gjekk føre seg på Lote i 1627. Under utskrivinga skapte dei unge mennene seg så «rebelsk og gjorde saadant Bulder, der de unge Karle skulde udskrives, at baade Foged og Officerer maatte drage derfra». Føraren for opprøret, Olaf Gjetmundsen Mardal frå Gloppen, vart dømd fredlaus, men fekk seinare kjøpe seg fri frå straffa med ei stor pengebot.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011