Hopp til innhold
X
Innhald

Erik O. Nord

Erik Olsson Nord frå Nordfjordeid (1780-1858), industribyggar og politikar. Han møtte på det omframme Stortinget hausten 1814. Han deltok i tingingsnemnda som vart send til kongen i Stockholm i desember 1814 for å gje den nye grunnlova til kong Karl Johan. Det blir fortalt at Nord i sin staselege nordfjordbunad var midtpunktet på eit gallagjestebod i samband med overrekkinga av grunnlova. Også i 1833 møtte han på Stortinget.

Nord dreiv som børsesmed og klokkebyggjar med verkstad på Løken i Eid tidleg på 1800-talet. Han bygde seinare smier på Bryggja, Osmundsvåg (Vågsøy) og i Volda.

På Sande i Svelgen kjøpte han skog og bygde sagbruk i 1820. Sagbruket dreiv han til Hans P. Aardal frå Reksnes i Eid tok over der. (Sjå Sagbruk i Bremanger).

Erik Nord kjøpte i 1819 handelsstaden Bryggja i Vågsøy kommune med lån frå kong Karl Johan. I staden for å betale lånet tilbake, baud kongen Erik Nord å yte tilskot til bygging av Nordfjord Kornmagasin på Nordfjordeid, oppløyst 1851. Utbytet frå dette salet danna grunnfondet ved skipinga av Nordfjord Sparebank.

Erik Nord var son til Ola Haugen (sjå Kjende personar i Eid fødde år 1700-1800).

Ved gamlebanken på Nordfjordeid står denne minneplata over Erik O. Nord. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Ved gamlebanken på Nordfjordeid står denne minneplata over Erik O. Nord. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 02.04.2014