Hopp til innhold
X
Innhald

Fabel

Gruppa vart tildelt Fylkeskulturprisen i 2002, og fleire av medlemane har fått tildelt fylkeskommunale studiestipend.

Visepopgruppa Fabel er den musikkgruppa frå Sogn og Fjordane som har markert seg sterkast nasjonalt ved sida av årdalsgruppa Lava, og har m.a. vore nominert til Spellemannsprisen 1997 og Årets beste album 1997 og 1999 på NRK P1.

Gruppa vart tildelt Fylkeskulturprisen i 2002, og fleire av medlemane har fått tildelt fylkeskommunale studiestipend.

Utgjevingar: «Dagane» og «Jordbær og grasbrann» (1996), «Flørt» (1998), «Det e musikk» (1999) og «Smil» (2002).

Musikarar i Fabel:

Odd-Erik Lothe

fødd 1972 i Kjølsdalen. Vokalist og gitarist i vise-popgruppa «Fabel», og er den som skriv og komponerer gruppa sine tekstar og melodiar. Gjekk musikklina ved Firda viadregåande skule (Firda Gymnas).

Roger Allan Ivin

fødd 1975, oppvekst i Balestrand, Hafslo og Sogndal, bass og koring. Er elles medkomponist i gruppa. Utdanna ved musikklina ved Firda vidaregåande skule.

Laila Beathe Førde

fødd 1975 i Bremanger, saksofon, fløyte og song. Utdanna på musikklina ved Firda vidaregåande skule, Viken Folkehøgskule og musikkonservatoriet i Kristiansand.

Fred Noralf Os Stave

fødd 1972 på Nordfjordeid, gitarar. Komponerer også for gruppa. Utdanna ved musikklina ved Firda vidaregåande skule, Viken Folkehøgskule, og marknadsføringsutdanning frå Universitetet i Oslo.

Knut Lothe

fødd 1972 i Bodø, trommer, perkusjon og koring. Har gått Toneheim Folkehøgskule og Norges Musikkhøgskole.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.04.2010