Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Eid

Industrien i Eid er dominert av trevarefabrikkar. Norgesvinduet Bjørlo er den største industriverksemda i kommunen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Industrien i Eid er dominert av trevarefabrikkar. Norgesvinduet Bjørlo er den største industriverksemda i kommunen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalane er ordna etter startår (Meieria er med i dette oversynet):

Kviafossen skapte industri

Kviafossen er eit mektig fossestryk øvst i Eidselva. Heilt sidan 1600-talet har vassfallet vorte nytta til industri.

Oppgangssag på Os

Også på garden Øvre Os nede ved elvosen vart midt på 1600-talet bygd eit større sagbruk.

Erik O. Nord

Børsesmed og klokkebyggjar med verkstad på Løken i Eid tidleg på 1800-talet. Bygde seinare smier på Bryggja, Osmundsvåg (Vågsøy) og i Volda.

Teglverk

vart drive i mindre målestokk i Uldegrova på garden Gjerde (sjå: Claus Krohn Wiese) som eigde garden på 1840-talet.

Saltverk

I eldre tider vart det drive eit saltverk i Hundvik på ein stad som vert kalla Saltbusanden. Her vart sjøvatn kokt inn til salt. Fleire detaljar om når saltverket var i drift og kven som var eigarar, er ikkje kjende.

Garveri

Lars Kristenson Ous var gardbrukar på Os frå 1875 og starta og dreiv Ous Garveri ved sida av gardsdrifta. Yngste sonen Otto tok over garveriet. Også ved Fargarelva på Myklebust vart det drive garving av skinn.

Johan Anthonsen

bygde kring 1880 fargeri og tøystampe ved Stårheimselva, og vart på folkemunne kalla «Fargaren». Anthonsen hadde i ungdomen arbeidd som handelsbetjent og dampskipsekspeditør for kjøpmann. Sjølv starta Anthonsen landhandel på Stårheim kring 1900. Anthonsen dreiv fram til slutten av 1920-talet.

Ingebrigt R. Hjelle

bygde ca. 1880 opp ei stor tøystampe ved Stampeelva på Hjelle. Hit kom folk langveges frå med heimevevd tøy som dei ville ha stampa – d.v.s. mjukna. Hjelle dreiv stampa eit godt stykke inn på 1900-talet.

Nor Meieri S/L

vart skipa i 1897 på Nor ved Hornindalsvatnet, og etablerte seg i 1926 i nybygg på tettstaden Nordfjordeid.

Staarheim Meieri heldt til i denne bygningen, som seinare vart bilverkstad.

Staarheim Meieri heldt til i denne bygningen, som seinare vart bilverkstad.

Staarheim Meieri

Starta som samvirketiltak i 1898 og bygde eit etter måten stort meieri ved Stårheimselva. Kinner og andre maskiner vart drivne med vasskraft og reimdrift. Meieriet hadde tre tilsette og var i drift til 1930. Bygningane vart seinare overtekne av Hans Piel som dreiv Stårheim Bilverksted der frå 1952 før han bygde ny verkstad ved fjorden.

Annonse for fargeriet til Johannes Starheim.

Annonse for fargeriet til Johannes Starheim.

Johannes Starheim

starta stampe og fargeri på Skårhaug i 1898. Verksemda vart driven til slutten av 1930-talet.

Brusfabrikk på Nordfjordeid

R. S. Grinde starta brusfabrikk på Nordfjordeid kring 1900.

Haugen Meieri

vart bygd ved elva Hjalma i 1900 og var i drift til 1949, då det gjekk inn i Nor Meieri S/L. Bygget vart ominnreidd og sidan nytta til bustadhus.

Det tidlegare Haugen Mieeri har vore bustadhus sidan 1949. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare Haugen Mieeri har vore bustadhus sidan 1949. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Martin Andersen

- på folkemunne kalla Hundvikebakaren - starta som bakar på Nordfjordeid i 1901. Han bygde nokre år seinare ein større forretningsgard ved Eidsgata. Bakeriet var i drift til 1970-talet, og lokala har sidan m.a. husa klesforretning og frisørsalong.

Totlands Tøndefabrik

vart starta i 1902 - sjå Forretningsfamilien Totland.

Sivert Paulsen

bygde snikkarverkstad på Skårhaug i 1908. Han hadde tidlegare drive verkstaden i eit hus i Eidsgata der Nils Strand (også kalla Hallingen) hadde drive landhandel. Sonen til Sivert, Sigurd Paulsen, dreiv den vesle trevarefabrikken på Skårhaug vidare etter faren.

Heggen Møbelfabrikk AS

i Mogrenda var inntil den gjekk konkurs i 2009 den eldste industriverksemda i Eid, grunnlagd av Paul S. Heggen i 1909.

E. M. Aardal rivefabrikk

E. M. Aardal starta i 1915 ein liten rivefabrikk i Kjølsdalen. Han hadde året før bygt eit lite kraftverk. Fabrikken var i drift til kring 1950.

A/S Eids Elektro-Mekaniske Verksted

vart starta av svensken Lundberg ca. 1915. Elles i fylket var det på same tid små fabrikkar for elektriske artiklar både i Måløy, Sandane og Dale i Sunnfjord.

E. M. Aardal

starta i 1915 ein liten rivefabrikk i Kjølsdalen. Han hadde året før bygt eit lite kraftverk.

Nordfjord Konservesfabrikk

– eigd av Stavanger Konservesfabrikk, starta 1916 produksjon av saft og syltetøy i Wiese-løa på garden Gjerde.

Bjørlo Trevarefabrikk

er ein av dei største trevarefabrikkane i Sogn og Fjordane, og vart grunnlagd i 1918 av brørne Hans og Knut Bjørlo. Verksemda har i 2004 over 100 tilsette, og hovudproduktet er «Norgesvinduet».

Norgesvinduet Bjørlo AS

- sjå Bjørlo Trevarefabrikk.

Beverlo AS

- sjå Bjørlo Trevarefabrikk.

Smørdal Trevarefabrikk

- sjå Bjørlo Trevarefabrikk.

Bjørlo Haugen AS

- sjå Bjørlo Trevarefabrikk.

P. Jacobsen Saftfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

P. Jacobsen Saftfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

P. Jacobsen Saftfabrikk

skipa 1922 – sjå Nordfjord Konservesfabrikk.

Eid Installasjonsforretning

På Nordfjordeid, starta i 1925 av Oscar Gjerde. Dette var ei av dei første verksemdene i sitt slag i fylket, og ei av dei største i Nordfjord.

Gjerde Elektroservice

– sjå Eid Installasjonsforretning.

Eid Elektro A/S

– sjå Eid Installasjonsforretning.

Peder Sporsem

opphaveleg frå Romsdal, var utdanna skreddarmeister, og starta på 1930-talet ein konfeksjonsfabrikk på Nordfjordeid.

Firda Margarinfabrikk

vart grunnlagt på Nordfjordeid i 1934 av Lars Føleide fødd 1896 frå Gloppen og svogeren Knut Rønnestad fødd 1901 på Eidså.

S.H. Nesbakk AS

Samuel Nesbakk starta på slutten av 1930-talet skiproduksjon på Nes ved Hornindalsvatnet.

Holmøy Møbelfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmøy Møbelfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Karstein Humborstad Skinn og Lervarefabrikk i Kjølsdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Karstein Humborstad Skinn og Lervarefabrikk i Kjølsdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holmøy Møbelfabrikk

i Holmøyane vart skipa i 1938 av brørne Ingvar og Per Holmøy. Det starta som ein tradisjonell møbelverkstad. Fabrikken har etter kvart spesialisert seg på underleveransar til interiørselskap, og produkta er å finne i hotell og restaurantar og i skyss- og lystbåtar.

S. H. Nesbakk AS

- sjå Samuel Nesbakk.

Karstein Humborstad Skinn og Lervarefabrikk

i Kjølsdalen vart driven av Karstein Humborstad frå 1945 til konkurs i 1954. På det meste hadde fabrikken 50 tilsette. Den fire etasjes fabrikkbygningen i betong står i Kjølsdalen enno.

Knut A. Hjelle

bygde bensinstasjon på Hjelle. Verkstadbygningen ved bensinstasjonen er nytta til traktorverkstad.

Modell med dress frå Frislid. Foto: Frislid Konfeksjon AS.

Modell med dress frå Frislid. Foto: Frislid Konfeksjon AS.

Hjelle Traktorservice AS

- sjå Knut A. Hjelle.

Frislid Konfeksjon AS

vart skipa i 1946 av Alf Frislid. Hovudprodukta har vore herrekonfeksjon.

Frislid Herreekvipering

- sjå Frislid Konfeksjon AS.

Turo Tailor

- sjå Frislid Konfeksjon AS.

Bjarne Espe Trevarefabrikk AS

i Hjelmelandsdalen vart skipa i 1947 av Bjarne Espe. Hovudproduktet idag er kjøkkeninnreiingar.

Gudbrand Balsnes

starta høvleri og sagbruk ved Bjørhovdebrua på Haugen i 1947. Verksemda var i drift til kring 1966, og vart driven med eigen vassturbin.

I denne bygningen dreiv Gudbrand Balsnes høvleri og sagbruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen dreiv Gudbrand Balsnes høvleri og sagbruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Per Haugen

starta ein liten møbelfabrikk på garden Skrede ved Hornindalsvbatnet i 1948.

Ein av skomodellane som vart laga på Fjordane Skofabrikk.

Ein av skomodellane som vart laga på Fjordane Skofabrikk.

Nordfjord Lenestolfabrikk A/S

vart grunnlagd på Nordfjordeid i 1949 av Elias Sefland, Hans Hatlelid og Herman Aasebø.

Hatlegjerde Trevarefabrikk

i Kjølsdalen vart grunnlagt i 1949 av Johannes og Johan Hatlegjerde og Olav Drabløs. Dei produserte dører, vindauge, kjøkkeninnreiingar m.m.

Fjordane Skofabrikk

skipa i 1950 av tidlegare banksjef i Eids Privatbank A/S, Oskar Dalsæth, heldt til i «Wieseløa» på garden Gjerde til 1975. (Sjå også Peder Jacobsen under.)

Fluor-Lux AS

Fluor-Lux AS

Fluor-Lux AS vart grunnlagt i 1948 på Nordfjordeid under firmanamn Kjøsnes og Sundal AS, men fabrikken vart i 1967 flytta til Stryn.

Kjøsnes og Sundal AS

- sjå Fluor-Lux AS.

Stårheim Bilverksted AS

på Stårheim vart grunnlagt i 1952 av Hans Piel. Verksemda heldt dei første åra til i det nedlagde Staarheim Meieri, men flytta inn i nybygg ved fjorden i 1962. Sidan er verksemda sterkt utvida, og har i 2001 over 20 tilsette. Firmaet driv bensinstasjon, reparasjon, bilberging og er bilforhandlar.

Stårheim Bilverksted. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheim Bilverksted. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjelle gartneri

på Stårheim vart starta i 1954 av Mathias Hjelle. Han var også postopnar. Gartneriet var i drift til midt på 1990-talet.

Smørdal Trevarefabrikk

på Haugen vart starta av Mons Smørdal midt på 1950-talet. Trevarefabrikken heldt først til i Bjørhovdetunet, men vart på 1970-talet flytta til nye lokale på Haugen. I 1996 vart trevarefabrikken kjøpt opp av Bjørlo Trevarefabrikk(sjå denne) og har kring 18 tilsette.

Halse Bilverksted

vart starta i 1956 på Stårheim av Johan Halse. I 1962 starta han også som maskinentreprenør, og hadde på det meste fire tilsette. Etter at Halse sjølv slutta med bilverkstad, har m.a. Vest Auto leigd anlegget.

Halse Bilverksted. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Halse Bilverksted. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totlands Sementvarefabrikk A/S

vart grunnlagd i 1958 på Nordfjordeid av Olaf Totland.

Nordfjord Betong

- sjå Totlands Sementvarefabrikk A/S.

Totland Sementvarefabrikk sitt anlegg i Øyane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Totland Sementvarefabrikk sitt anlegg i Øyane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øien Båt AS

- plastbåtprodusent - vart starta i 1959 av Leif Øien og Olav Bakke.

Per Manseth

starta kring 1960 fabrikk i Remmedalen for produksjon av m.a. gjødselspreiarar etter eiga oppfinning. Han konstruerte òg ein vribar båtpropell, som var i produksjon på Nordfjordeid ei tid. Manseth konstruerte også den velkjende fôrtransporteren «Vossakassa». Etter konkurs, flytta Manseth til Ørsta, der han sidan m.a. arbeidde som oppfinnar og produktutviklar for Ørsta Stålindustri.

I denne bygningen dreiv Per Manseth produksjonen sin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen dreiv Per Manseth produksjonen sin. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vestlandske Salslag i Nordfjord

Vestlandske Salslag bygde sentralslakteri på Nordfjordeid (Osnes) i 1964.

Vestlandske Salslag - VS Eid

-sjå Vestlandske Salslag i Nordfjord.

Humborstad Pølsefabrikk

vart driven i Kjølsdalen av Berge Humborstad på 1960- og 1970-talet. Verksemda var grunnlagt like etter krigen av faren Sverre Humborstad. Etter konkurs flytta Berge Humborstad til Canada, der han dreiv pelsoppdrett til han omkom i ei flyulukke.

Humborstad Pølsefabrikk heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Humborstad Pølsefabrikk heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

North Cape Minerals

Gruveselskap med hovudkvarter i Bærum, som m.a. driv utvinning av olivinstein frå gruvene i Lefdal, og med knuseverk og utskipingskai på Kalneset ved Bryggja. I 2009 vart drifta mellombels stansa for fem år.

Sibelco Nordic AS

- sjå North Cape Minerals.

West Mekan A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

West Mekan A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

West-Mekan A/S

vart grunnlagt på Nordfjordeid i 1970 av Sigurd Rønnekleiv og Paul Skibenes m.fl. Produserer passasjerstolar, båtutstyr og propellanlegg, og hadde i 2000 25 tilsette og ei årsomsetning på 25 mill. kroner.

Eid Verft

på Løkjaneset vart grunnlagt i 1971 av Reidar Klungsøyr, som dreiv Smedvik Verksted i Tjørvåg på Sunnmøre.

Fjordskjell A/S

starta i 1986 blåskjelproduksjon og mottak i Hennebygda.

Vest Auto i Øyane i 2006. I 2012 tok firmaet i bruk nytt bilhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vest Auto i Øyane i 2006. I 2012 tok firmaet i bruk nytt bilhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vest Auto AS

bilforhandlar og verkstad vart starta på Stårheim i 1989 av Geir Ove Åsebø med fleire. I 2002 flytta verksemda til industriområdet i Øyane på Nordfjordeid. I 2006 hadde Vest Auto ei omsetning på 20 millionar kroner og ni tilsette. I 2012 tok firmaet i bruk eit nytt bilhus på 1400 kvadratmeter. Vest Auto AS er forhandlar av bilmerka Mercedes, Kia og Peugeot. I 2011 passerte omsetninga 30 millionar kroner, og talet på tilsette var auka til 12.

Normatic AS

er ei teknologiverksemd som vart skipa på Nordfjordeid i 1998 av Hans Inge Solheim, Einar Løken m.fl.

Fjord Technology Production AS

vart skipa på Nordfjordeid i 2000 av Bjørn Myklebust m. fl. I 2007 overtok selskapet konkursbuet etter AMT Produksjon som m.a. dreiv delproduksjon for bussfabrikken Vest Buss AS i Stryn, og hadde 25 tilsette . Fjord Technology Production AS gjekk konkurs i 2009.

Nor Marine Industrier AS

vart skipa i 2006 av John Olav Lefdal saman med Stryn Vognfabrikk AS (seinare Stryvo AS) og Jonny Hanebrekke og Sæmund Ytrehus frå Stårheim. Verksemda held til på det tidlegare Eid Verft på Løkjaneset og framstiller stålkonstruksjonar m.a. til skip, bygg og anlegg. Sjå også Forretningsfamilien Lefdal.

Nor Marine Industrier held til i det tidlegare skipsverftet på Løkjaneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nor Marine Industrier held til i det tidlegare skipsverftet på Løkjaneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eid Betong AS

vart starta i 2011 av Steinar Aabrekk, Kåre Magnar Naustdal, Norsand AS og Stryn Betong. Firmaet får i starten tre tilsette, alle med fortid i Totland Sementvarefabrikk.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.10.2012