Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på fjorden i Eid

Dampskipskaia på indre Skårhaug med Nordfjordeid i bakgrunnen. Årstalet er truleg 1898. Fire år seinare vart det teke i bruk ny kai på Gjerde. Foto utlånt frå Historisk galleri, Lars Lunde.

Dampskipskaia på indre Skårhaug med Nordfjordeid i bakgrunnen. Årstalet er truleg 1898. Fire år seinare vart det teke i bruk ny kai på Gjerde. Foto utlånt frå Historisk galleri, Lars Lunde.

Vanskelege landingstilhøve på Nordfjordeid

Dei grunne sandøyrane på Nordfjordeid gjorde at rutebåten heilt fram til 1902 vart borda ute på fjorden ved Skårhaug ca. ein kilometer nordvest for sentrum, der John W. Skaarhaug var ekspeditør. Her vart det bygt kai og pakkhus.

Naustdal

fekk rutestopp av Fylkesbaatane alt frå starten av selskapet si første Norfjord-rute med «Fjalir» i 1859. Grunnen til dette var at Naustdal då var eit viktig knutepunkt for postruta over Hjelmelandsdalen-Bjørkedalen til Sunnmøre, og at sorenskrivarkontoret i Nordfjord låg like ved, på garden Leikvin (Skrivargarden Leikvin). Handelsmann M. Sture var ekspeditør i mange år på 1900-talet.

DS ”Kommandøren” ved kai i Naustdal tidleg på 1900-talet. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

DS ”Kommandøren” ved kai i Naustdal tidleg på 1900-talet. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Haus

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1876. Haus var ute av rutene mellom 1900 og 1919. I 1928 var riksvegen austfrå broten gjennom til Haus. Frå 1936 vart det sett opp bilfergerute mellom Haus og Bryggja. Denne gjekk til 1938, då vegen vestover gjennom fjellet Vindfylla var broten gjennom.

DS Alden ved kai på Stårheim.

DS Alden ved kai på Stårheim.

Stårheim

vart stoppestad for Fylkesbaatane i 1877, med kjøpmann Rasmus D. Halvorsen (sjå: Kjende personar i Eid fødde år 1800-1850) som ekspeditør. Alt i 1862 hadde kommunestyret støtta ein søknad frå dåverande kjøpmann på Stårheim, Holger Oliver Borge, om å ta opp bygda som rutestopp, men hadde fått avslag. Halvorsen bygde kai og pakkhus. På 1950- og 1960-talet var Stårheim stoppestad i ei sommarrute/turistrute Bergen-Nordfjord med endestopp på Sandane.

Frå Stårheim vart reisande frakta med Nordfjord og Sunnmøre Billag sine bussar til turistmåla i indre Nordfjord.

Motorbåtførar Karl Lofnes (sjå: Samferdsle i Vågsøy) dreiv også ei lokal rute med post og passasjerar frå Måløy og innover fjorden i mellomkrigstida. Han hadde m.a. anløp av Stårheim.

Kjølsdalen

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1890. Johannes L. Kjøllesdal var ekspeditør og bygde kai.

Hennebygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hennebygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hennebygda

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1892. Då Fylkesbaatane innstilte dei vanlege fjordarutene, vart den vesle rutebåten «Hennefjord» i 1973 sett inn i lokaltrafikken til Sandane fram til 1981, då bygda fekk vegutløysing til Lote. Denne båten hadde vore brukt på Breimsvatnet sidan 1953, og heitte då «Breim».

Lote

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1898 med Anders M. Lothe som ekspeditør og postopnar frå 1905. Lote vart eit av dei viktigaste trafikknutepunkta i Nordfjord då ferjestrekninga Lote-Anda (sjå under Samferdsle i Eid) opna i 1968 - no det eine av to ferjesamband på hovudvegen E39 gjennom fylket.

Lefdal

fekk første anløpet i 1912 av ei lokal motorbåtrute som firmaet Skibenes (sjå: Industri og næring i Vågsøy) dreiv mellom Måløy og Nordfjordeid. Seinare fekk bygda rutestopp av Fylkesbaat-rutene som gjekk på Bergen.

Skyss til Måløy

Skyss til Måløy

Før vegsambandet Nordfjordeid-Måløy var gjennombrote, gjekk mindre skyssbåtar frå Måløy i post- og passasjerrute mellom Måløy og Nordfjordeid, med mellomstopp. Desse rutene vart utførde av båtane til Skibenes & Søn, og Karl Lofnes.

Ferjesambandet Lote-Anda

vart opna i 1968. Den mektige direktøren i Fylkesbaatane, Otto Røsberg, hevda lenge at Lote-Anda ikkje var liv laga fordi det ikkje var trafikkgrunnlag for ei ferje over Nordfjorden!

Ekspressbåtruta på Nordfjord

Nordfjordeid vart endestopp for den første ekspressbåtruta på Nordfjord då den starta i 1971. Les meir i artikkelen Ekspressruter i Eid.

Stårheim ferjekai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheim ferjekai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjesambandet Stårheim-Isane

vart opna i 1972. Ferjeleiet på nordsida ligg på garden ytre Rød. – Les elles meir om dette ferjesambandet under Bremanger kommune.

Lokal rutetrafikk i Eid

- godstransport på vegane, og ruter på Hornindalsvatnet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011