Hopp til innhold
X
Innhald

Ferjesambandet Lote-Anda

Ferjekaia på Lote. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjekaia på Lote. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjesambandet Lote-Anda vart opna i 1968. Den mektige direktøren i Fylkesbaatane, Otto Røsberg, hevda lenge at Lote-Anda ikkje var liv laga fordi det ikkje var trafikkgrunnlag for ei ferje over Nordfjorden! Ettertida syner at han ikkje var særleg framsynt på dette punktet, for trafikken på sambandet har vakse kvart år sidan opninga. I 2010 frakta ferja nesten 800.000 personbileiningar.

På 1980-talet vart det sett i gang ein lokal aksjon for å få erstatta ferjesambandet med ein tunnel under Nordfjorden.

Før tunnelplanen kom opp, vart det ei tid drøfta om eit nytt ferjesamband skulle setjast inn mellom Hestenesøyra og Hunvik på nordsida, med veg over Hunvikeidet til Nordfjordeid, og med veg Hestensøyra-Sandane på sørsida.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 09.02.2011