Hopp til innhold
X
Innhald

Filippus Simonsson

Filippus Simonsson ( f.ca. 1180 -1217). Baglarkonge som på morssida ætta frå Stårheim:

Dotterson av lendmann Arne på Stodrheim . Han var son til Margrete Arnesdotter og Simon Kåreson. Den mektige leiaren for baglarane, bisp Nikolas Arnesson var onkelen hans.

Filippus vaks opp på farsgarden Orri på Jæren. Bisp Nikolas gjorde eit mislukka forsøk på å få kåra Filippus til baglarkonge i 1204, men då ville baglarane heller ha Erling Steinvegg som kongsemne. Då Erling døydde i 1207, fekk bisp Nikolas baglarane til å kåre Filippus som konge.

Dette var i borgarkrigstida då baglarane stridde mot Kong Sverre Sigurdsson og hans birkebeinarar om makta i Noreg, og det er frå denne borgarkrigstida at Henrik Ibsen hentar hendingar og rollefigurar til stykket ”Kongsemnene”.

I regjeringstida si som baglarkonge leia Filippus m.a. fleire blodige åtak m.a. mot birkebeinarborga Sverresborg i Bergen, som to gonger vart riven ned. Baglarar og birkebeinarar slutta fred på Kvitsøy 1208. Regien på dette forliket hadde den mektige onkelen til kong Filippus, biskop Nikolas Arnesson. Filippus måtte ved forliket gje frå seg kongetittelen, men vart jarl og fekk ekte dottera til kong Sverre Sigurdsson som heitte Kristin.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.03.2008