Hopp til innhold
X
Innhald

Finn Egil Eide

Finn Egil Eide, fødd 1940 i Sandnes i Rogaland, busett på Nordfjordeid. Biletkunstnar og lektor.

Finn Egil Eide, fødd 1940 i Sandnes i Rogaland, busett på Nordfjordeid. Biletkunstnar og lektor.

Eide har nytta ulike teknikkar i grafikk, måleri, materialbilete og skulptur. Han har delteke i ei rad fellesutstillingar og har hatt meir enn 20 separatutstillingar, m.a. i Mexico. Innkjøpt av både nasjonale og lokale kunstsamlingar.

I samarbeid med lyrikaren Jon Tolaas har han gjeve ut illustrerte lyrikksamlingar, og gav i 1999 ut den illusterte lyrikksamlinga «Under breen» (Skald forlag) saman med Astrid Myklebust og Kristi Ylvisaker ), og diktsamlinga ”Horisontar” (Skald 2007).

Eide tok initiativet til Eidaskulen i grafikk i 1978, og har elles undervist ved Fjordane Folkehøgskule fram til 1986 og seinare ved Eid vidaregåande skule.

I 2011 gav Selja Forlag ut boka ”Huldra, draugen og fanden sjølv”, ei samling med 77 segner frå Sogn og Fjordane, plukka ut av Ove Eide og illustrert av Finn Egil Eide. I 2012 gav dei to ut «Kjerringa, Askeladden og kongen sjølv», ei samling eventyr frå Sogn og Fjordane (Selja Forlag).

Finn Egil Eide: På heimveg.

Finn Egil Eide: På heimveg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.09.2012