Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Margarinfabrikk

På dette flyfotoet frå 1953 ser vi Firda Margarinfabrikk til venstre (med høg pipe). Foto frå Johan Ottesens arkiv.

På dette flyfotoet frå 1953 ser vi Firda Margarinfabrikk til venstre (med høg pipe). Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Firda Margarinfabrikk vart grunnlagt på Nordfjordeid i 1934 av Lars Føleide fødd 1896 frå Gloppen og svogeren Knut Rønnestad fødd 1901 på Eidså.

Dei to bygde ein etter måten stor fabrikk midt i sentrum av strandstaden og med ei stor karakteristisk fabrikkpipe. Fabrikken produserte fleire kvalitetar margarin; mest kjend var «Firda Spesial» der det var blanda inn ein stor slump meierismør.

Firda Margarinfabrikk vart utvida med nybygg på 1950-talet og var i drift til eit stykke ut på 1960-talet.

Den eldste bygningen med fabrikpipa vart riven kort tid etter, medan «nyefabrikken» ei tid vart leigd ut som daglegvarebutikk til ei lågpriskjede, og seinare ombygd til diskotek av dei nye eigarane Ragnhild og Hans Myklebust frå Førde.

- Les elles om Njøsens margarin- og såpefabrikkar i Bygstad under Gaular kommune, og om «Smørfabriken Flora» i Holmedal under Fabrikkar og verkstader i Askvoll.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.01.2011