Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordane folkehøgskule

Fjordane folkehøgskule, bygd i 1973. Elevane bur i såkalla paviljongar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordane folkehøgskule, bygd i 1973. Elevane bur i såkalla paviljongar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid er rekna som vidareføringa av Fjordenes Amtsskule, den som frå ca. 1920 vart kalla Fjordane fylkesskule:

I 1875 vedtok fylkestinget (amtstinget) å skipe såkalla amtsskular – ein for Sogn og ein for Fjordane. I Sogndal hadde presten Jakob Liv Rosted Sverdrup starta Sogndal Folkehøgskule i 1771, og då skulen søkte om fylkestilskot, vart den teken opp som amtsskule for Sogn. I Fjordane vart det kappestrid mellom kommunane Kinn,

Klasserommet til Fjordane Folkehøgskule då skulen heldt til i Tingvoll. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Klasserommet til Fjordane Folkehøgskule då skulen heldt til i Tingvoll. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Eid, Stryn og Gloppen om å få skulen. Gloppen vann, og skulen kom i gang på Apalset i 1876. Året etter fekk Sunnfjord eit plaster på såret ved at det vart skipa eigen amtsskule for Sunnfjord i Florø. På Apalset vart Elias Melvær skulemeister. Han vart rekna som radikalar, og dette førde til at det pietistiske miljøet i Gloppen fekk trekt tilbake den kommunale stønaden til amtsskulen, som dermed måtte flytte til Innvik i 1886. I 1900 kom Fjordenes Amtsskule til Nordfjordeid, der den vart verande.

Tingvoll husa både folkehøgskulen og kommuneadministrasjonen. Til venstre Jotunet på Myklebust, der dei held på med hesjing. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Tingvoll husa både folkehøgskulen og kommuneadministrasjonen. Til venstre Jotunet på Myklebust, der dei held på med hesjing. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Eid kommune bygde eit stort hus på Myklebust som vart kalla ”Tingvoll”. Her fekk både amtsskulen og kommunekontora plass. På 1950-talet vart det bygt elevinternat like ved Tingvoll.

Folkehøgskulen og bygningane vart på folkemunne kalla ”Knoken”. Det gamle skulehuset frå 1920-talet brann ned i 1972, og Fjordane Folkehøgskule fekk nybygg på Myklebust i 1973. Aulaen i skulen vart før operahuset vart bygt nytta til dei kjende operaframsyningane til Opera Nordfjord. Om sommaren vert skulen også nytta til eit seminar for musikarar (Sommarsymfonien).

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.02.2012